Om oss og stillinga
InVid er eit gründerselskap som vart starta i 2012. Vi har kontor i Gründerparken på Straume, Sotra, men og ein tilsett i Bygstad, (gamle Sogn og Fjordane). Vi er i dag to tilsette.
Vi har utvikla eit system for transportbransjen som blant anna inneheld automatisk timeregistrering (henta i frå sjåførkort i lastebilane), sjåførhandbok, avviksregistrering og kommunikasjon.
Vi har akkurat starta med å teste ein ny versjon av systemet vårt ut mot nokre kundar. Mange av arbeidsoppgåvene vil være mot vidareutvikling og tilpassing av den nye versjonen. No treng vi deg som kan være med å vidareutvikle tenesta vår. Her har du mogligheit til å være med å bestemme og påverke korleis systemet skal byggast opp og sjå ut.